1. Hjem
  2. Kalender

Agenda

  • 07.08.2018 06:30 09.08.2018 16:00
    Kystfriluftsskule Flora
    Fjordkysten
  • 08.08.2018 11:00 10.08.2018 17:00
    Kystfriluftsskule
    Fjordkysten

    Friluftsråd logo.png Norsk Kystkulturakademi logo.png YST logo.jpg

    3 Friluftsskuler i Solund sommer 2018

    25-27.06

    08-10.08

    13-15.08

    Det er Fjordkysten friluftsråd i samarbeid med Norsk Kystkulturakademi og Ytre Sogn Turlag (YST) som står bak tiltaket. Friluftsskulen er eit 3 dagers aktivitetsopplegg med 1 overnatting for born og unge i alderen 9 til 13 år. Dette er 4  året vi arrangerer friluftsskuler i Solund, og tilbodet er for born i heile fylket. Vi får kvart år deltakarar frå Hordaland , og også andre delar av landet . Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen, både som ein stad og vere, ein stad å lære og ein stad å hauste. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser. 

    Tidsmessige og praktiske rammer

    Friluftsskulen er eit dagtilbod som er tilpassa ferje- og skyssbåtar. Vi vil ferdast i ulike naturmiljø og er avhengige av offentleg transport for å kome til dei forskjellige lokalitetane. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og plikter som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass  på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.

    Dei fleste deltakarane bur og vil ha utgangspunkt på Hardbakke denne veka. Undervisninga vil finne stad mellom kl.11.00 og kl.17.00, men den siste dagen vil vi overnatte i lavvo og telt.

    Dagsplanar og innhaldet i undervisninga

    Friluftsskulen har plass til 18  deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

    Vi veit at værforholda  på Vestlandet er skiftande. Denne sommaren har vi erfart at vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten inneber at vi har lite vind. Dagsprogramma må vere fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

    Her er eksempel på dagsplan:  

    Måndag: Tur til stokkevåg/ Stokkevågsnova med orientering og øving i bruk av kart og kompass. Grilling, leik og bading i Stokkevåg. Rutebåt tilbake til Hardbakke. Oppmøte Hardbakke skule kl. 11.00

    Tirsdag: Padllekurs og roing med tradisjonelle bruksbåtar på Litle Færøy.(deltakarane vert delt i to gruppar) Oppmøte ved skyssbåtkaien kl. 10.30. Utstyrsliste for overnatting.

    Onsdag: Fjærevandring,fiske og badeaktivitetar. Kort tur. Oppsummering og avreise kl. 17.00

    Matstell

    Deltakarane tek med seg nistepakke og noko å drikke til formiddagsmat/lunsj. Alle andre måltid vil arrangøren syte for. Dette inngår som ein del av undervisningsopplegget (raste- og leirplass)

    Vidare vert det kjøpt inn frukt og litt godteri  til alle. Vi har  bestikk og dekketøy til alle.

    Utstyrsliste

    Deltakarane treng  ein dagstursekk. Værmeldingane for dagen vil antyde om det er behov for regntøy. Støvlar er heilt nødvendig både i ferdsel i utmark og ved sjøen. Dei treng og redningsvest dei dagane vi skal vere i båt. Kystkulturakademiet har nokre vestar til utlån, men ikkje nok til alle.

    Utstyr i dagstursekken: Nistepakken og drikke, vindtett ytterplagg, genser, lite sitteunderlag,  ekstra T-skjorte, underbukse, strømper og sokkar . Ta med lue og solbriller.

    Til overnattingsturen må ein ha med sovepose, liggeunderlag og toalettsaker.  Fiskestang og sluk kan også vere aktuelt

    Pris

    Deltakaravgifta for å delta på Friluftsskulen er kr 950. Dette inkluderer middagsmat, frukost, formiddagsmat og middag ,, reisekostnadar med skyssbåt og felles frukt og godteri.

    Velkommen til friluftsskule og dagar med kystfriluftsliv i Solund!

  • 13.08.2018 11:00 15.08.2018 17:00

    Til overnattingsturen må ein ha med sovepose, liggeunderlag og toalettsaker.  Fiskestang og sluk kan også vere aktuelt.

    Pris

    Deltakaravgifta for å delta på Friluftsskulen er kr 950. Dette inkluderer middagsmat, frukost, formiddagsmat og middag ,, reisekostnadar med skyssbåt og felles frukt og godteri.

    Velkommen til friluftsskule og dagar med kystfriluftsliv i Solund!

  • 14.08.2018 06:30 16.08.2018 16:00
    Kystfriluftsskule Flora
    Fjordkysten
  • 01.09.2018 01:00 09.09.2018 23:59
    Friluftslivets uke over hele landet 1. - 9. september
    Friluftsrådenes landsforbund

    I forbindelse med Friluftslivets uke over hele landet 1. - 9. september, så er det viktig å se på den nye fine hjemmesiden for uken på www.friluftslivetsuke.no

    Tanken med Friluftslivets uke-siden og aktivitetskalenderen er at det skal være enkelt for folk, uansett hvor i landet de bor, å finne en komplett oversikt over tilbud/aktiviteter/arrangementer som skjer i deres fylke under Friluftslivets uke. På denne måten slipper de å måtte lete på mange ulike hjemmesider for å finne informasjon om hva som skjer der de bor.

    I fjor var det over 650 arrangementer/aktiviteter registrert i kalenderen!

    Nytt er nå at siden inneholder en egen materiell-side hvor dere finner illustrasjonsbilder til bruk i forbindelse med Friluftslivets uke, ferdig beskåret forsidebilder til Facebook-sidene deres, ferdig beskåret toppbilder til eventer/arrangementer, plakat- og annonsemaler, og alt av logo, designelementer og profilmanual. Disse lastes enkelt ned ved å trykke på de ulike elementene.

    Aktivitetskalenderen og registreringen av arrangement har også fått seg en makeover. Det er nå blitt mye enklere å registrere sine arrangement, og arrangementene dukker opp i kalenderen med en gang, kalenderen er delt inn dag-for-dag gjennom hele Friluftslivets uke.

    Ellers finnes diverse artikler som omtaler de ulike nasjonale arrangementene, samt artikler med fokus på gjenbruk, tips til hva barnehager kan finne på i Friluftslivets uke etc.

  • 02.09.2018 12:00 - 15:00
    Høstdagen ved Haukvatnet i Trondheim
    Trondheimsregionen

Vi bruker cookies. For mer informasjon trykk her.