1. Hjem
  2. Friluft for god psykisk helse!
Friluft for god psykisk helse! - headerbilde Ingebjørg Stedje / skilt med glede

Friluft for god psykisk helse!

Verdsdagen for psykisk helse er ein FN-dag som vert markert årleg over heile verda 10. oktober. Tema for markeringa i 2021 er «Livet under og etter pandemien»

Oppfordringa deira er: Ver merksam. Ver til stades. Følg opp.

Friluftsråda jobbar målretta for å fremme god fysisk og psykisk helse, med aktivitetar og tiltak for mange aldrar og grupper. Denne hausten har det endeleg vore mogleg å gjennomføre fleire arrangement som normalt, og det ligg an til å bli ein haust med mykje god og helsebringande aktivitet! 

Dei fleste arrangementa er opne for alle, medan nokon er retta mot særskilte grupper. Arrangementa vert lagt ut på Facebook og nettsidene til friluftsråda. 

Følg med på aktivitetane til friluftsrådet i ditt nærområde. Kanskje du veit om nokon du kan invitere med ut i friluft?

Ver merksam. Ver til stades. Følg opp 


psyksik helse barn i naturen med skilt.jpg

Under finn du lenker til nokre av Friluftsråda sine arrangement som i hovudsak er opne for alle

 

Dato skrevet 08.10.2021 12:45 . Endret 08.10.2021 14:48 .