Utleige av robåtar
 
Friluftsrådet har to robåtar til utleige. 
 
Båtane ligg ved Sunnmøre Museum og alle leige skjer via dei;
Tlf          70 17 40 00 
 
Båtane ligg ute i perioden 1.mai - 30.september
 
Båtar:
 
Færingen "LEIA"
15 fot stor føring av typen snedbotning. Ein snedbotning kallast og for sunnmørsfæring/sunnmørsbåt. Denne måten å bygge båtar på var tradisjonelle for Sunnmøre fram til for om lag 100 år sida. LEIA er ein kopi bygd i  2001/2002 av Jacob Bjørkedal frå Bjørkedalen i Volda.
 
Leia har to årepar og plass til ein liten familie på 3-4 personar. Den vert leigd ut med utstyr som ausekar, vasskanne, og kart.
 
 
Storfæringen "LINGE"
Same type båt som "LEIA" men større. To årepar og div utstyr.
 
Leigeprisar
LEIA;     LINGE; 
Dagsturar    50 kronar  100 kronar  
Overnattingsturar   100 kronar per døgn 200 kronar/døgn
Båt med lavvu    200 kronar per døgn  250 kronar/døgn
 
 
Fine stader å ro til i områder er blant anna Svinøya og Vikholmen i Ellingsøyfjorden, Hundsvær, Langevågsholmane i Borgundfjorden.