Her er Energi- og miljøkomiteens innstilling vedrørende friluftsliv:
Friluftsliv
Komiteen vil understreke betydningen friluftsorganisasjonene har i arbeidet for bedre folkehelse.
Komiteen vil understreke friluftslivet sin betyding som ei kjelde til livskvalitet, og meiner at friluftslivet har en eigenverdi i seg sjølv.
Komiteen vil peike på behovet for å rette fokus mot forsvarleg drift og skjøtsel av dei offentleg eigde friluftsområda, og at dette må skje i eit nært samarbeid med dei aktuelle friluftsorganisasjonane.
Komiteen vil vidare understreke den betydinga friluftslivet har for rekreasjon og betre folkehelse og for å sikre ei bærekraftig utvikling. Det er viktig å sikre friluftslivet si utfalding gjennom areal for friluftsliv, rettar for ferdsel, aktivitetar og liknande.
Komiteen vil understreke at ein treng eit løft for folkehelsa med friluftsliv som verkemiddel.
Komiteen viser til at fysisk inaktivitet kostar det norske samfunn milliardar av kroner i form av auka sjukefråvær og meirforbruk av helsetenester, og det gjev redusert livskvalitet og levealder for den einskilde.
Komiteen vil vidare peike på at friluftsliv bidreg til å betre forståinga for ei økologisk bærekraftig utvikling, og er ein viktig ressurs i næringssamanheng for mange distrikt.
Komiteen viser til at friluftsliv er ein viktig del av vår kultur, som det kostar lite å leggja til rette for, og som har potensial til å aktivisere mange. Ved sida av fysisk aktivitet, gjev friluftsliv naturopplevingar, ro, stillheit og moglegheit for godt sosialt samvær slik at heile mennesket sin helse og trivsel blir fremja.
Komiteen peikar på at dei største utfordringane er overfor dei som ikkje er med i den organiserte idretten. Dei inaktive finst ikkje i idrettslaga i nokon særleg grad. Komiteen peikar på at det er dei gode lågterskeltilboda og moglegheitene for den einskilde på frivillig basis til å kunne gå seg ein tur og liknande, spesielt i nærmiljøet, som er viktig å stimulere.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at omleggingen av tilskuddsordningen til miljøorganisasjoner bl.a. innebærer at utprega naturfaglige organisasjoner er flytta til post 83 under kap. 1427, og at tilskuddet til FRIFO er flyttet til post 78. Flertallet støtter denne omleggingen.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at eit døme på eit lågterskeltilbod som kan få nye grupper og einskilde personar til å ta del i friluftsliv er Wild X sitt tilbod til storbyungdom med framandkulturell bakgrunn. Wild X gjev eit tilbod til ungdom om jakt, fiske, fjellturar med vidare på ungdommen sine eiga premissar. Aktiviteten er basert på frivillig arbeid frå engasjerte enkeltpersonar.
Wild X er eit døme på at ein med enkle verkemiddel og på eit ubyråkratisk vis når ut til mange ungdommar med innvandrarbakgrunn.
Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at sjølv om mykje av aktiviteten er basert på frivillig arbeid, er det behov for midlar til drift. Desse medlemene har merka seg at Wild X har falle mellom fleire stolar, mellom anna fordi dei ikkje er, og heller ikkje bør vere, ein medlemsorganisasjon. Desse medlemene meinar at Wild X driv eit svært viktig tilbod til si målgruppe og at det er viktig å sikre vidare drift
av Wild X. Desse medlemene ber derfor departementet sikre at Wild X får dei nødvendige midla til vidare drift på dagens nivå innanfor dei føreslegne løyvingane over post 74 og 78.
Disse medlemmer mener det er behov for et skikkelig løft for friluftslivet, både når det gjelder forvaltning av skjærgårdsparker, tiltak i friluftsområder samt til friluftslivstiltak for barn og unge. Friluftslivet er ikke lenger selvrekrutterende og trenger offentlig støtte. Aktiv forvaltning og tilrettelegging i friluftsområder og skjærgårdparker er viktig for å bidra til å gjøre friluftsområder attraktive og tilgjengelig
for allmennheten, og slik legge til rette for positive friluftsopplevelser og fysisk aktivitet for alle.
Disse medlemmer mener det nå er på tide med en ny stortingsmelding om friluftspolitikk, som kan legge grunnlag for en offensiv og framtidsrettet friluftspolitikk der friluftslivets potensial for trivsel og helse utnyttes til beste for enkeltmennesker og samfunnet.
Desse medlemene vil peike på at siste gangen det vart lagt fram ei stortingsmelding om friluftsliv, var under regjeringa Bondevik II i 2001. Det er etter desse medlemene si meining behov for ei ny stortingsmelding som blant anna bør handle om friluftslivet si betyding for folkehelse, sjukefråvere og å få menneske raskare tilbake i jobb. Vidare bør ei ny stortingsmelding også handle om korleis friluftsliv kan bidra til betre integrering ved hjelp av
tilrettelegging for innvandrarar.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen fremme en Stortingsmelding om friluftspolitikk.»
Desse medlemene ønskjer vidare at friluftsliv blir gjenoppretta som eit eiga resultatområde i Miljøverndepartementet sitt budsjett, og fremjar følgjande forslag:
«Friluftsliv vert gjenoppretta som eige resultatområde i Miljøverndepartementet sitt budsjett.»
Desse medlemene meinar det er behov for å styrke det offentlige bidraget til friluftslivstiltak.
Desse medlemene er skuffa over at regjeringa i budsjettproposisjonen for 2012 ikkje har føreslege å auke løyvingane til friluftsliv.
Komiteen viser til at allemannsretten er en viktig del av norsk kultur og tradisjon.
Komiteen viser til Stortingets behandling av Prop. 88 L (2010–2011) Endringer i friluftsloven, og Stortingets vedtak i den forbindelse om at regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2013, skal foreta en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende lover og regelverk med formål å fjerne restriksjoner mot nye friluftsformer i norsk natur og åpne naturen for nye brukergrupper innenfor økologisk bærekraftige rammer. Komiteen imøteser
en slik gjennomgang.
Komiteens medlemmer frå Framstegspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti mener at allemannsretten oppleves i dag som truet av nye brukergrupper som ønsker å ta i bruk naturen på nye måter. I enkelte deler av Rondane er det lagt ned forbud mot terrengsykling fordi fylkesmannen mener villreinen blir redd av å se folk på sykkel. På Jæren i Rogaland er det nedlagt forbud mot å surfe langs strendene visse tider av året av hensyn til
overvintrende sjøfugl. På Hardangervidda er det lagt restriksjoner på bruk av hest i følge. Ifølge reglene må det søkes om løyve fra tre ulike fylkesmenn dersom en ønsker å krysse vidda med flere hester i følge.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil ha en reduksjon i støtten til friluftsorganisasjonene, da det er betenkelig at mange organisasjoner får over halvparten av sine inntekter som støtte over statsbudsjettet.
Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets alternative budsjett for 2012 hvor det foreslås å redusere post 78 Tilskudd til interkommunale friluftsråd og landsomfattende samarbeidsorgan for friluftsliv med 4 mill. kroner.
Medlemene i komiteen frå Høgre viser til Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2012 der det er føreslege å auke løyvinga til friluftstiltak over post 31 med 5 mill. kroner.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til Kristelig Folkepartis alternative budsjett for 2012 hvor det foreslås å øke bevilgningen til tiltak i friluftsområder med 15 mill. kroner – og til friluftslivstiltak med 5 mill. kroner.
Dette medlem viser til Kristelig Folkepartis alternative budsjett hvor det foreslås å øke bevilgningen til skjærgårdsparker med 10 mill. kroner.