FL 25 år - Jubileumsområde 77: Skageneset i Radøy

Radøy Skageneset

Skageneset er eit tidlegare småbruk som vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982. Radøy kommune eig og Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar eigedomen, som er på 50 daa. Lokalt er Skageneset eit mykje nytta dagsturmål. Friluftsområdet har romsleg kai for båtfolket.

Våningshuset vert leigd ut etter avtale med Bergen og Omland Friluftsråd. Huset har to stover i første høgda med eit lite kjøkken i midten. Kjøkkenet har gassapparat for koking og enkelt kjøkenutstyr. I andre høgda er det to soverom med 7 senger og ein midtgang med to senger. Huset har ikkje straum og innlagt vatn, vanlegvis er det tilgang til takvatn frå stamp på utsida av huset. Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, hugs difor å ta med drikkevatn. Det er ikkje sengetøy i hytta, ta med sovepose. Ta og med kjøkenhånkler og vaskekluter til eige bruk.

 

Parkering ved Rådhuset i Manger, der det går sti vidare gjennom utmarka til Skageneset. Hvis du ikkje har vore på Skageneset før, rår vi til å ta med turkartet utarbeid for området. Naust med robåt og to tomannskajakker følgjer med ved utleige, hugs redningsvest. Ved naustet er det ei romsleg trekai og ved kaia er det satt opp bord og benk. Området er og godt egna for telting. Fin badelagune ytterst på neset. Detaljert kart med meir informasjon kan du laste ned frå bof.no. NB! Parkering i Birkelandsvågen, kun etter avtale med Friluftsrådet. På bof.no kan du sjå når huset er ledig.