Ervikane er eit av dei finaste friluftsområda i Bergensregionen, og er mykje nytta som dagsturmål av folk frå heile Bergensregionen. Frå Krabbeviksvegen går det ein ca. 400 m lang køyreveg til to parkeringsplassar for til saman ca. 70 bilar. Derifrå er det ca. 250 m gangveg fram til idylliske badeviker og solplassar.
Gode tilhøve for telting I friluftsområdet. I reservasjonslista på bof.no kan du sjå om det er nokon som har reservert teltplassar I området. Toaletta er lagt til rette for rørslehemma, og før sesongen 2012 vert det montert baderampe for rørslehemma. Bru til Vetle Hestholmen, som
er ein populær fiskeplass. Det er to informasjonstavler I området - ei ved parkeringsplassen og ei i strandområdet. Fleire bord og benkar og faste griller I området.
Ervikane er og ei populær uthavn, det er ei lita kai nord i friluftsområdet. Besøk gjerne turboksen i Ervikane, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde. Ei flott rundtur er å følgje gangvegen og stien sydover i bakkant av vikane, frå Langetangen går den gamle ferdselsvegen til Sørstrøno, Nordstrøno og attende til Ervikane.
Brosjyre med kart finn du på bof.no.